fredag 8. oktober 2010

Eg skal prøve å få litt liv i fotoklubben vår igjen


Eg er blitt spurt av fleire om det er noko liv i fotoklubben vår enda, men det har ikkje vert noko aktivitet etter sommarferien. Eg har ikkje noko spesielle forslag til kva som skal skje framover, men startar med denne bloggen og ei facebook side så vi kan holde litt kontakt der. Eg skjønnar at dette kan vere litt dumt for dei som ikkje er på Facebook. Eg brukar dette i starten så eg kan få med meg nokon til å forsette med klubben. Eg har håp om å få til ei nettside som vi kan samlast rund etter kvart. Det er noko som kostar penger så det får vi få til etter kvart.

Er det nokon som har synspunkt på kva som skal skje med klubben og korleis den skal vere så setter eg stor pris på tilbake meldingar på det.

Det er ikkje noko krav til fotoutstyr eller tekninsk innsikt. Her er det sosiale som skal vere vell så viktig.!!!